Tilbyr innanbygds folk å bruke hytta: - Håpar fleire hytteeigarar henger seg på

Rita Merete Letrud har feira både jul og påske på familiehytta ho har arva i Sør-Fron. Slik blir det ikkje i år, og derfor ønskjer ho at nokon som bur i kommunen, heller kan få fjellpåska ho går glipp av.
Nyheter

Sjølv er Letrud oppvaksen på Frya, men bur nå med sambuar midt i Bergen, og kan derfor ikkje bruke hytta i Sør-Fron denne koronapåska. Letrud fløtte frå Midtdalen på nittitalet, og har nå familiehytta som eit band til heimbygda og Gudbrandsdalen.