Odd Nordstoga tok publikum med storm på Rudi Gard laurdag

To konsertar på same kvelden var ein stor suksess. Og Nordstoga hugsar godt fyrste gongen han spelte i Midtdalen.

Nordstoga fekk god støtte frå Erik og Tuva i Valkyrien.  Foto: Ole Magnus Røen

Nyheter

Konsertsvoltne folk i alle aldrar, 400 i talet til saman på dei to konsertane, fekk oppleva ein av Norges mest populære artistar på Rudi. Ein sprudlande og spelesjuk artist valde vesle Harpefoss som ein av spelestadane på sin miniturné. To konsertar i Oslo torsdag og fredag vart etterfølgd av to konsertar på Rudi Gard.