Lars Mytting på visitt på heimebane: Avslører tittel på oppfølgjaren til Søsterklokkene

Mytting er heimanfor i Gudbrandsdalen, og tysdag var han innom prestegarden i Ringebu med bøker, til ei utstilling som skal stå i veslestabburet i sommar, og vi får høyre om den nye boka, som skal koma 2. oktober.

Tittel til den nye boka i trilogien knytt til eit par kyrkjeklokker i Ringebu, er klar. Lars Mytting var jonsokaftan på Ringebu prestegard med bøker til ei utstilling om forfattarskapet og eit glimt inn i scenografi frå Søsterklokkene, den førre boka.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Tysdag la forlaget ut namnet på Hekneveven, som den nye boka heiter. Ho startar tjueto år etter den førre slutta. Eit nytt århundre og ei ny kyrkje på Butangen er på plass.