Tre veker etter beordring om heimekontor, stabla Hilde og Eli nytt firma på beina: - Det vart litt trått, ja

Hilde Vestbakken og Eli Granli var kolleger, og rett før årsskiftet fekk dei veta at dei sto utan jobb frå 1. april. Dei to erfarne regnskapsførarane var ikkje lenge på å stifte AS, og bestemte seg for å starte for seg sjølve.

Eli Granli og Hilde Vestbakken etablerte firma 1. april. Midt i koronakrisa kan det verke som ein dårleg aprilspøk - men firmaet vart etablert før nokon hadde høyrd om Covid19. - Det vart trått, ja, vedgår dei. Førre veke tok dei turen ned i Sødorptunet for å promotere verksemda si. Dei har kontor i same bygget, rett over Øyens hjemmebakeri.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Det vart ikkje den beste timinga dei kunne fått og Vinstra regnskap fekk ikkje den beste starten.