Reidun (80) vart overraska med hestefølge og spelemenn: - Så overveldande!

Reidun Kongsli fylte 80 år, og hadde ikkje planlagt noko feiring. Barn og barnebarn ville det annleis.

Reidun Kongsli fekk spellemennene Roger Slåstuen (t.v.) og Terje Rusten i "gåve" på 80-årsdagen.  Foto: Privat

Nyheter

Reidun ante fred og ingen fare. Det einaste ho hadde fått beskjed om, var at ho denne laurdagen skulle sitte klar på tråppa klokka 18.30.

- Eg skjønte jo at det skulle skje noko. Så eg pynta meg og sette meg til på tråppa i lag med far, fortel Reidun til Dølen, nokre dagar etter feiringa, som ho ikkje ante skulle bli slik.

Sjå video her:

Reidun Kongsli fylte 80 år. Barn og barnebarn spelte opp til feiring med spelemenn og hestefølge.

Hestefølge og spelemenn i tog bort til Kongsli.  Foto: Privat

Ein overraska jubilant.  Foto: Privat

Konsesjonssaken på Kvamsfjellet

Vurderer å kjøpe utmarksarealene som Tinde Utvikling AS ikke fikk konsesjon på

Gardbruker Odd Arne Myromslien er villig til å kjøpe opp de konsesjonsbelagte utmarksområdene på Kvamsfjellet.


Lystig og triveleg

For seks barn og barnebarna hadde lagt planar for ei kjør mor og bestemor.

- Mor hadde ikkje planlagt feiring. Difor gjekk vi saman om å lage til ein overraskingsfest for ho. Vi hyra spelemennene Roger Slåstuen og Terje Rusten, og fekk med oss hest og vogn til eit ordentleg følge, fortel Monica Kongsli. Spelemmen og hestefølge, med Ingunn Bakken, Ola Jevne, Ole Anton Stø, Lise Stø og Hans Ødegaarden køyrde i tog frå Peer Gynt spiseri og bort til Kongsli, som ligg langs vegen bort mot Ruste.

- Du kan tru eg vart overraska da dette følget svingte inn på tunet, smiler Reidun.

- Der satt far og eg, og fekk høyre fin musikk og sjå dette flotte følge kome. Dei hadde flagg og greier, legg ho entusiastisk til.

Til saman var det rundt 30 som var samla i tunet på Kongsli utover kvelden, og i tillegg til musikk og dans, fekk alle servert kål.

- Det vart eit lystig og triveleg lag, forsikrar ein fornøgd jubilant.

Jubilanten Reidun med ektemannen Trygve Kongsli satt klare på tråppa, men ante ikkje at det skulle kome både hest og felespelarar til gards.  Foto: Privat

Med sol og varme, låg alt til rette for ein fin hagefest for jubilanten.  Foto: Privat

Uforglemmelig gårdsferie: – Det handler om å kunne skape fine ferieopplevelser for de unge

Tolv barn har fått boltre seg på Aanekre fra mandag til tirsdag forrige uke. Dagene har gått med til olabilsnekkring, hyttebygging og vannkrig, for å nevne noe.