Dølen satsar meir på levande bilde: Fekk innovasjonsstøtte saman med to andre lokalaviser

Dei tre avisene Dølen, Vest Telemark Blad og Firdaposten skal frå i sommar prøve seg fram med direkte levande bilde.

Dølen er med i eit større prosjekt, saman med to andre lokalaviser, som skal teste ut bruk av levande bilde. F.v.: Marknadskonsulent, Karoline Kamp, videoansvarleg, Arafat Malik og redaktør og dagleg leiar, Tone Sidsel Sanden.  Foto: Ane Vaet

Nyheter

Desse tre avisene fekk i vinter innovasjonstøtte frå Medietilsynet til å prøva ut konseptet med levande bilde. Målet er å finna ut kva som fungerer og kva som ikkje fungerer på nett. Kva er det folk ønskjer å sjå?

- Dølen har eit års tid satsa meir på videoproduksjonar. Vi har laga fleire reportasjar med Dølen-TV. Dette har vore godt motteke. Vi har også så vidt prøvd oss på streaming, både av fotballcup, konsertar og frå lamming. Nå skal det bli meir av dette, seier redaktør i Dølen, Tone Sidsel Sanden.

Anna konsept

Framover er det planlagt fleire direktesendingar. Målet er å finna ut om det er samanhengar frå stad til stad i kva brukarane vil ha, kva dei vil sjå og kva dei vil betala for.

- Det er spennande å samarbeide med to andre aviser om dette. Vi kan samanlikna med kvarandre, og vi vil også prøve og spele kvarandre gode. Eg er svært takknemleg for at Medietilsynet har gitt oss pengar, og at dei har trua på at dette er verdt å teste ut, seier Sanden.

Mange aviser sender direkte. Ofte kan dette vere frå idrettsarrangement, som fotball- og handballkampar.

- Vi vil teste ut mykje anna, eit litt anna konsept. Men gjerne idrett også. Vi sendte direkte frå romjulscup på Vinstra i fjor, det var ein suksess, seier Sanden.

- Vi håpar også at lesarane våre vil kome med gode tips og innspel om kva dei kan ha lyst til å sjå, legg ho til.

Markandskonsulent i Dølen, Karoline Kamp, håpar at det vil vere populært for annonsørar å vise seg fram på sendingane.

- Med gode sjåartal, bør dette bli attraktive annonseplassar, seier ho.

Arafat Malik er hyra inn som videoansvarleg, medan journalist Ane Vaet allereie har vore med å laga fleire videoreportasjar.   Foto: Tone Sidsel Sanden

Enda betre nettavis

Arafat Malik har det siste året vore engasjert i Dølen sitt filmprosjekt, som også fekk støtte frå Medietilsynet. Han skal fortsette å ha ansvaret for streaminga. Journalistane i Dølen er tett involvert i prosjektet.

Alle erfaringane dei tre avisene får med levande bilde-prosjektet, skal dei dele med Landslaget for lokalaviser sine sine medlemmer.

Firdaposten har hatt litt streaming tidlegare, men i hovudsak i samband med politikk. Redaktør Svend Arne Vee seier dei nå er klare for å prøve seg fram med ulike former for direkte bilder gjennom sommaren og utover hausten.

Vest Telemark Blad har aldri strøyma noko før og har akkurat kjøpt utstyr.

– Vi er dei glade amatørar på dette, men vi gler oss til å ta fatt på prosjektet, og kjem til å prøve og feile. VTB-TV vil bli eit spennande supplement i det vi er vande med, seier redaktør Øystein Øygarden.

- Vi utvidar utstyrsparken vår, og kjem til å jobbe for å lage sendingar av god kvalitet. Prøving og feiling må vi rekne med. Så skal dette, som Øystein seier, vere eit supplement til journalistikken slik vi kjenner den frå før, og slik vi til vanleg jobbar i Dølen. Dette skal kome lesarane våre til gode, ved at dei får ei enda betre nettavis, seier Sanden.