Vil utvide tilbodet i Kåja med ny attraksjon: - Hadde vore moro om dette var på plass til sommaren 2021

Får Vinstra Idrettslag det som dei vil, får aktivitetsparken i Kåja ein ny attraksjon til neste år.

Målet for Oline, Iver, Peder, Heming, Johann og Kim Erik, og resten av Vinstra IL, er å få på plass pumptrackbane i Kåja som kan opne neste sommar.  Foto: Ane Vaet

Nyheter

For sykkelentuisiastane i idrettslaget er store pådrivarar for å etablere ei pumptrack-bane lengst nord i Kåja, på oversida av fotballbana, nord for den nye skateparken.


Etter over fire år med hardt arbeid kunne Fron Thrasher Team endelig åpne skateparken i Kåja: - Dette er bare starten

Ildsjel i Fron Thrasher Team, Marita Skogstad Brandvold, forteller at det har vært mye arbeid ut i de sene nattetimer den siste tida.


Positive signal

Mykje er allereie på plass: Tidlegare i vår fekk idrettslaget tildelt 55 000 kroner til å bygge ei slik bane.

- Kor mykje ei slik bane vil koste, er litt vanskeleg å seie. Alt er avhengig av kor mykje areal vi får tildelt. Men ca. 1000 kvm. er det vi snakkar om, fortel leiar for sykkelgruppa og styremedlem.

Det har vore gjennomført møter med kommunen om denne bana, og i søknaden om disponering av grunn, som idrettslaget har sendt, kjem det fram at signala om planane slik dei er lagt fam, er positive.

Ei pumptrackbane er ei bane med ein serie kular, hopp og doseringar. Formålet er at ein skal "pumpe" seg rundt på banen, i staden for å tråkke. Bana er laga for syklar, men den an også brukast med skateboard. Bana blir dei fleste plassar bygd med jord og grus, og slike baner finn vi både i Kvam, ved Kvamshallen, og lengst nord i Ringebu sentrum, rett ved E6.

Sykkelgruppa har søkt Nord-Fron kommune om å disponere grunn i Kåja for å bygge pumptrackbane.  Foto: Teikning frå søknad

En imponert Asgeir på hjemmebane: - Jeg tenkte den gang, for et mot de har de som starter på noe slikt

- Her føler jeg meg hjemme og virkelig på hjemmebane, smiler Asgeir Borgmoen muntert, fåvanging og kjent TV-ansikt, med hjerte for den nye arenaen på Vinstra.



Team Dalberg fra Ringebu tester hestekreftene under NM-runden: - En må satse hardt når en først skal satse

Lokale utøver stiller til start på motorsportarenaen i helga. De er imponert over anlegget.


Blir komplett

I Kåja håpar dei å få bygd bana av asfalt.

- Om vi får lagt asfalt, gir dette eit større bruksområde. Grus eignar seg for sykkel, medan med asfalt kan bana brukast av alt med hjul på. Ei asfaltert pumptrack-bane vil koste ca. 1000 kroner per kvm., seier Moen.

I april vart Lågen Cykleklubb lagt ned og lagt som ei eiga sykkelgruppe i idrettslaget. Sykkelgruppa ønskjer å vidareføre dei aktivitetane som klubben har hatt for den yngre gruppa, og dette er bakgrunnen for ønskje om denne bana.

Sykkelgruppa viser til den postitive utviklinga Kåja har hatt, med etablering av betongparkentil Fron trasherteam. Med sykkelbane, vil tilbodet bli ennå meir komplett, meiner dei.

- Pumptracken vil vera ein god plass for dei aller minste å lære og beherske sykling, samstundes som det vil vera ein god plass til å øve for dei eldre, srkiv Moen og nestleiar i Lars Wadahl i søknadsbrevet til Nord-Fron kommune.

Kim Erik Moen og sykkelgruppa meiner Kåja blir ein meir komplett park med ei pumptrackbane.  Foto: Ane Vaet

Dølen-TV live fra Vinstra motorsportarena klokken 13.00 - fart, spenning og svidd gummi

Fredag er lokalavisa på plass for å følge forberedelsene til helgas mesterskap på pallane.




Teikne banen

Arealet dei håpar å få av kommune, ligg altså nord for betongparken. EIn sti går over området, og i møte med kommunen, har dei gitt signal om dei ønskjer at denne skal takast vare på. For å få ei god utnytting av arealet, meiner sykkelgruppa at dei vil vere naudsynt med ei lita omlegging av stien.

Om kommunen godkjenner planane, startar prosessen med å søke ulike stiftingar og om tippe- og spelemidlar.

- Nå har vi allereie dei 55 000 kronene vi har fått tildelt frå kommunen. Så har Lågen CK att noko pengar på bok og kor mykje pengar som vil bli tilført frå idrettslaget har vi ikkje diskutert enda, seier Moen.

- Vi skal aller fyrst på sendt ein byggesøknad til kommunen. Der står det att ein del jobb, mellom anna må vi få tak i ei firma som kan teikne og konstruere pumptracken. Men det hadde vore moro om vi hadde dette på plass til sommaren 2021, legg han til.