Ku og kalv skilde frå kvarandre: Fleire eksempel på ulovlege gjerde i Kvitfjell

Bileta tatt av landbrukskontoret fyrst i månaden, syner ulovlege gjerder ved hytteeigedommar i Kvitfjell. Gjerda er ein risiko for velferden til dyr på beite, meiner MGL.

Skille: Beiteretten forsvinn ikkje med hyttebygging, men ulovlege gjerde skapar problem. Her har ein flokk ammekyr kome på kvar side av eit gjerde med ei lita opning. Slik nettinggjerde er ikkje lovleg i hytteområde.  Foto: Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor

Nyheter

Fungerande landbrukssjef Ragnhild Sperstad i Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor (MGL) seier til Dølen at auka hyttebygging gjer at konflikt mellom dyr på beite og inngjerda areal stadig er aukande.