Fleire kommunale vegar i Nord-Fron kan bli gjort om til private: - Økonomien er stram

Nord-Fron kommune har 120 kilometer kommunale vegar, og før ferien vart politikarane i utval for miljø, landbruk og areal førelagt eit diskusjonsgrunnlag for kriteria slike vegar må oppfylle.

Vedlikehald på kommunale vegar er kostbart, og ofte tek vintervedlikehaldet det meste av midla som er avsett. Politikarane skal til hausten diskutere om vegar skal miste status som kommunale.  Foto: Tor Larsen/illustrasjon

Nyheter

Verksemdleiar Bjørn Bjørke i Nord-Fron kommune seier det handlar om at økonomien er stram, og at det i seinare år ikkje har vore økonomisk rom til vedlikehald sommarstid.