Lammet til Knut skadd av hund: - Det er nok med rovdyr, så det burde vore unødvendig med skade frå hund

Knut Evensen frå Fåvang la ut bilete av det skadde lammet på facebook tysdag kveld, i håp om at fleire hundeeigarar skal tenkje seg om. Det same skjer fleire gonger kvart år.

Slik såg det flotte værlammet ut etter å ha vorte angripe av hund. Skader i hovuder, hals, nakke og øyra. - Heldigvis fekk vi varsel, seier Knut Evensen  Foto: Privat, Knut Evensen

Nyheter

- Vi fekk heldigvis varsel frå ein kar om dette lammet i går, og fekk henta det heim. Nå står det i fjøset med såra rensa og vaska, så eg håpar det skal gå bra, seier Evensen. Han er takknemleg for at for turgåaren med hytte i Kvitfjellvarsla om lammet.