Fotballcupane gjekk fløyten: Fotballsamling på heimebane i staden

Denne veka har vore prega av fullt fokus på tøffe duellar, samspel og overblikk på fotballbana, for deltakarane på Lyon fotballakademi.

Frå venstre: Ingrid Bjørke (15), Marte Ovrum (16), Saskia Baschong (14), Amalie Plassen Brandvol (14), Nicoline Scheie (14) og Lilja Brubak Nedrebø (13) har vore med heile veka, og fekk skryt av trenaren frå akademiet for ståpå-gutsten i to heile timar.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Lyon fotballakademi starta som ein godt over middels fotballinteressert venninnegjeng, på tvers av klubbar i Oslo og Akershus. Nå er det ein eigen klubb, som tilbyr ekstra fotball for dei som er interessert. Denne veka var både jenter og gutar frå heile Gudbrandsdalen i sving på kunstgrasbana til Vestsida fotballklubb.