Lovar sure lår og feite premiar: To idrettslag går saman om motbakketrippel i Fron i haust

For dei som er glad i mjølkesyre lanserer Harpefoss IL og Tormod skilag ei gledeleg nyheit; i haust blir det trippelt motbakkeløp. Fronstrippel'n skal få alle opp dei brattaste bakkane.

Hånåhoppet opp; her frå 2018  Foto: Tor Larsen

Nyheter

Før har dei to laga hatt kvart sitt motbakkeløp, nå møtes dei i fellesanlegget i Jordalen fyrst, for å slå dei saman til eit trippel-løp. Starten for dei sprekaste skal gå i baksidevegen i krysset opp mot hoppanlegget, 29. august. Dei to neste blir fyrst Hånåhoppet opp, 19. september, før Skuteil'n rett opp er sist ut 17. oktober.