Eitt år etter ulykka der Sayed nesten drukna, er han tilbake saman med redningsmannen: - Eg har blitt redd for å svømme

Sayed Ahmad Maqsudi låg livlaus i vatnet da Stian Haug høyrde nokon rope om hjelp. Eitt år etter fortel dei korleis dei hugsar dagen nå, eitt år etter.

Sayed Maqsudi har ikkje turt å bade ute etter ulykka i fjor. - Eg har blitt redd for å svømme, seier han.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Det var ein av dei finaste sommardagane i fjor, sundag 28. juli. Sayed og eit par vener hadde kome til Eidesand for å bade, slik dei hadde gjort fleire gonger tidlegare.