The Echo Within kjem med EP fredag: - Den byr på mørke med ljosgløtt

Sjølv om musikken høyrest melankolsk ut, vil Øyvind Aarnes Hansen med artistnamnet The Echo Within gjerne vise veg ut av det mørke; ein "silver lining", i tekstene sine.
Nyheter

Snart blir musikken til Øyvind Aarnes Hansen frå Vinstra å finne på dei fleste kanalar for musikkstrømming. Når han set seg på toget ti over tolv fredag, skal låtane til The Echo Within ha vore tilgjengelege for heile verda i ti minutt allereie.