Kjetil Jansrud har blitt pappa: -Frøya er heilt perfekt

Torsdag meldte Kjetil Jansrud på Instagram at han hadde vorte pappa. Der deler han bilete av vesle Frøya, som kom til verda førre sundag.

Det var under årets utfor-helg i Kvitfjell at Kjetil Jansrud fortalte at han skulle bli far.  Foto: Tor Larsen

  Foto: Skjermbilde frå Instagram

Nyheter

- Den største augneblinken i livet mitt, skriv Jansrud om å bli pappa.

Alpinisten frå Vinstra og kjæresten Benedicte Isabel Mortensen, fortalte at dei skulle bli foreldre under verdscuphelga i Kvitfjell i vinter.


Kjetil Jansrud skal bli pappa: - Den største seieren i mitt liv

Kjetil Jansrud venter sitt første barn, det melder alpinstjernen selv på instagramkontoen sin.


Stolt pappa og kjæreste

Jansrud skriv han er stolt av kjæresten og har vanskeleg for å skildre alle kjenslene i samband med å vera der under fødselen.

- Og så til slutt halde dotter vår i hendene mine. Frøya er perfekt, og vi er heilt forelska, skriv han.

Torsdag endra Jansrud også skildringa si på biletdelingskontoen frå "Alpine Skier , Liverpool fan- in reverse order" til "Alpine Skier , Liverpool fan, Dad- in reverse order" ; Alpinist, Liverpool-fan og pappa, i omvendt rekkjefølge.

Her er Instagram-posten Kjetil Jansrud la ut torsdag  Foto: Skjermbilde frå Instagram

Bestefar helsar

Foreldra til Kjetil, Jan og Inger Jansrud på Vinstra, har ellereie vore mormor og morfar ei stund. Nå blir dei farmor og farfar til vesle Frøya. Denne velkomsten skreiv bestefar Jan til sitt nye barnebarn på Facebook torsdag:

-Velkommen til verden. Du er vårt fjerde barnebarn. Vi gleder oss veldig til å følge deg fremover og vi håper på mange opplevelser og aktiviteter sammen med deg.

Gratulasjonane på Instagram kjem frå alpinistar over heile verda, mellom anna Felix Neureutner, Lindsey Vonn, Steven Nyman, Christof Innerhofer og Ragnhild Mowinkel.