Urovekkande mange MC-ulykker i sommar

Ni personar omkom på norske vegar i juli. MC-førarar utgjer fleirtalet av omkomne i sommar.

Urovekkande mange MC-ulykkar i sommar, melder Statens Vegvesen.  Foto: Tor Larsen

Nyheter

Totalt ni personar mista livet i trafikken i juli.

Ein person omkom i fylka Møre og Romsdal og Nordland. I Oslo og Viken var det to dødsfall i juli-trafikken. Innlandet toppar statistikken med tre omkomne. Fire kvinner og 5 menn mista livet.


Seks menn omkom på vegene i Oppland i 2019

Seks av sju personer som omkom i trafikkulykker i Oppland i 2019 var menn. Året før mistet fire mennesker livet i på vegene fylket.


Urovekkande MC-tal

Elleve av totalt 18 omkomne i sommarmånadane juni og juli var MC-førarar.

Av dei elleve motorsyklistane omkom 7 i utforkøyringsulykker. To av ulykkene var møteulykker; i begge tilfella skuldast ulykka at motorsykkelen gjennomførte ei forbikøyring.

Gjennomsnittsalderen blant dei omkomne er relativt høg: 9 av dei 11 omkomne på motorsykkel var aldersgruppa 40-59 år.

— Dette er svært urovekkande tal, seier Guro Ranes, avdelingsdirektør for trafikksikkerheit i Statens vegvesen.

Vegvesenet si ulykkesanalysegruppe skal analysera alle ulykkene, for å kartlegga årsaker og eventuelle samanhengar.

— Det er for tidleg å seia noko om kva denne auken skuldast, eller om det me ser er ein trend, seier Ranes, som understrekar kor viktig det er for Vegvesenet å halda på det gode samarbeidet med motorsyklistane sine interesseorganisasjonar.


Fra onsdag er det påbudt med sikkerhetsbelte i traktor - varsler kontroller

Nå blir det påbudt å bruke sikkerhetsbelte når en kjører traktor. Endringen trår i kraft fra 01. juli.


Inga Korona-endring

Så langt i år ligg talet på omkomne i trafikken litt over fjoråret.

— Det synest ikkje å vera noko endring som kan tilskrivast korona-viruset, seier Ranes.

I andre europeiske land har talet på omkomne i trafikken gått til dels kraftig ned i 2020, som resultat av korona-pandemien. Dei norske tala liknar derimot nabolanda Sverige og Danmark, der ein også har registrert lite eller inga endring samanlikna med 2019.