Ung mann frå Nord-Fron omkom i utforkøyring natt til måndag

Mannen i 20-åra har køyrd av vegen på fylkesveg 2522, Gudbrandsdalsvegen, ved Kjørrasletta, rett Nord for Øya gard. Politiet meldte om ulykka klokka 02:29 natt til måndag.

Det er spor etter ulykkesbilen langs vegen ved ulykkesstaden   Foto: Tor Larsen

Nyheter

Førar vart stadfesta omkomen, og vegen var ei periode i natt stengt, medan politiet gjorde åstadsundersøkingar. Ulykkes- og analysegruppa frå Statens vegvesen bidrog også i undersøkingane.