Huset til Susanne og Ole Petter blir heilt spesielt: - Vi såg ikkje på ferdighuskatalogar, nei

- Denne staden treng ljos og varme og barn på tunet, seier Susanne Høy og Ole Petter Klevstad, som med tvillingane Astrid og Iver snart flytter inn i eit nytt toetasjes tømrahus på Klevstad, midt i Kvam.
Nyheter

Dei tok over garden etter foreldra til Ole Petter ved nyttår, med sauedrift og alt. Nå står eit nylafta toetasjes hus under tak, vindauge og etasjeskilje er på plass og ved nyttår skal det nærme seg ein heim for familien på fire.