Dølen vann pris for årets beste lokale historie: - Dette er fantastisk morosamt

I kveld kunne lokalavisa Dølen feira prisen for Årets lokale historie under Mediebedriftene si prisutdeling i Oslo.
Nyheter

Prisfesten med alle vinnarane vart halde i Oslo og sendt digitalt, og Dølen vann i konkurranse med to bidrag frå Bergens Tidende, NRK og Adresseavisen.

Redaktør Tone Sidsel Sanden og journalist Sigrid Gausen var på plass i Oslo og tok imot prisen for historia om Rondablikk, som dei har skrive saman med fast journalist i Dølen, Guro Vollen og Dag Kessel frå NRK.

Her kan du lese sakene:







Eit halvt år med intens jobb

I oktober 2018 starta Dølen graveprosjektet Rondablikk. I eit halvt år jobba lokalavisas redaksjon med saka, før dei fekk fleire med på laget, mellom anna Senter for undersøkande journalistikk, og seinare også NRK.

Det er ikkje få redaktør Tone Sidsel Sanden ønskjer å takka, etter at prisen er eit faktum.

- Eg vil takka alle dei som bidrog frå NRK og SUJO, for eit veldig godt og lærerikt samarbeid. Vidar Håland må sjølvsagt takkast som laga lay-out både på nett og papir. Takk og til LLA, og ikkje minst alle dei kjeldene som om stod fram og fortalde sine viktige historier, seier Sanden.

Ho rettar og ein spesiell takk til redaktør for NRK i Innlandet, Inger Johanne Solli, og Lars Kristiansen i NRK.


Rondablikksoga: Hotelleier fikk titalls millioner av UDI - mens lokalt næringsliv tapte penger

Mens pengene strømmet inn til Rondablikk-eier Ola Moe under flyktningkrisen i 2015, gikk driftsselskapet på hotellet konkurs våren etter. Tilbake satt lokale næringsdrivende med milliontap.


Om korleis ho vil feire, seier Sanden at dei skal nyte kvelden, kose seg med andre flinke mediefolk.

- Og vi skal feire på kontoret måndag, eg skulle gjerne hatt med meg alle mine tilsette, seier ein glad redaktør.

Utkonkurrerte store mediehus

Ho tykkjer det er utruleg kjekt å ha gjennomført eit så stort graveprosjekt og ikkje minst få ein pris i konkurranse med alle landets store mediehus.

- Vi har fått mange hyggelege tilbakemeldingar av lesararane, og det gav og nye abonnenentar, som vi treng og set pris på. Gjennom samarbeidet med NRK nådde vi i tillegg langt ut over vårt eige dekningsområde, og at NRK sine to saker vart toppsaker i NRK var veldig stas.

- Det var fantastisk morosamt, men og mykje arbeid, og då er det ekstra kjekt med ein pris. Eg håpar og det betyr noko for lesarane våre at vi som lita lokalavis kan tilby ein så omfattande gravesak, seier ho.