I etterkant av journal-svikt i Nord-Fron: - Vi tek ein skikkeleg gjennomgang av rutinane

Nord-Fron kommune vil i etterkant av saken om manglande journalføring av e-postar om VA-utbygginga på Kvamsfjellet, auke merksemda på internkompetanse og gjennomføre ei oppfrisking av rutinar.

Tom Nøvik er tenesteleiar for kultur, næring og IKT i Nord-Fron kommune. Han har ansvaret for gjennomgangen av kommunens rutinar for journalføring.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

- Dette gjev oss moglegheita til å friske opp journalføringsrutinane, og nye slike skal ut til alle tenesteområde, seier tenesteleiar for kultur, næring og IKT i kommunen, Tom Nøvik.