Hærverk i gapahuken for tredje gong: - Ein mistar litt gnisten, når det blir slik

Fredag la Hanne Britt Jacobsen i Kvam sanitetslag ut ei sint melding på facebook. Benker og bord ved gapahuken som er bygd på dugnad nede ved Laugen var kasta utover, gapahuken var tilsøla og forsøkt påtent.

- Ein mistar gnisten når det er øydelagt gong på gong. Dei må gjerne koma hit og bruke gapahuken, men dei må ta med søppel, og ikkje øydeleggje, seier Hanne Britt Jacobsen og Per Arne Holen, som båe har mange dugnadstimar bak seg med gapahuken.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Kvam sanitetslag fekk pengar frå Extra-stiftinga i fjor, til å bygge ein gapahuk med fiskeplass og brygge. Etter fleire omgangar med hærverk, nå sist med brannskader og fjerning av alle trommelborda, er det nok for dei som har stått i bresjen.