Opning av kunstinstallasjonen på Høgkleiva: - Fint å få lage noko som kan bli liggande her lenge

Sundag opna kunstinstallasjonen Hovudet, Klokkeporten og Falkesteinen på Høgkleiva. Kunstnaren er glad for å få lage noko som kan få ligge der i lang tid. Tankeplassen i Ringebu er ein av fem så langt i Innlandet.
Nyheter

I mange hundre år var området omkring Ringebu stavkyrkje eit maktsenter i kommunen, nå er området ved kyrkja og prestegarden i ferd med å bli ein kunstsentrum i staden.