Beklaga uttaler i formannskapet: - Klart dei på golvet skal høyrast

Arne Fossmo var fyrst på talerstolen da saken om status som turiststad for Ringebu kom opp i kommunestyremøtet tysdag, og bad om å få beklage uttale han kom med i formannskapet, og om å få saken utsett.

Arne Fossmo beklaga uttale om "folk på golvet" frå formannskapsbehandlinga.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Ordføraren gav beklaging for uttala han kom med under førre formannskapsmøte, da han hadde uttala at det ikkje var folk på golvet som skulle avgjera om det skal vera sundagsopne butikkar.