Fleire testa i Nord-Fron i helga, to nye smittetilfelle

I tillegg til det påviste smittetilfellet fredag, har to personar laurdag fått påvist koronasmitte i Nord-Fron kommune.
Nyheter

Laurdag ettermiddag er det påvist to nye smittetilfelle i Nord-Fron kommune. Dei to nye tilfella har inga tilknytning til det stadfesta smittetilfellet fredag kveld. Dei som er nærkontakter til dei to tilfella laurdag, har allereie vorte , eller vil bli kontakta av koronateamet i løpet av laurdag ettermiddag.

Alle som skal i karantene blir kontakta av helsepersonell. Det kommunale koronateamet jobbar laurdag med testing av nærkontakter og smittesporing. Dette skriv Nord-Fron kommune på sine facebooksider laurdag ettermiddag.


Stenger Sundheim for besøkande

På bakgrunn av den lokale smittesituasjonen blir Sundheim bo- og treningssenter stengt for besøkande




Ein koronasmitta i Sør-Fron

I ei melding til Dølen stadfester kommuneoverlege Anders Brabrand at det nå er ein person som er smitta i Sør-Fron.



Koronasmitta også i Ringebu

Ein person heimehøyrande  i Ringebu kommune er bekrefta smitta med SARS-CoV-2, Covid 19.