Margrethe (12) og Ingebrigt (10) sto opp halv fem for å fryse på Gålå; nå er resultatet på bestseljarlista

Dei er nemleg med som modellar i ei bok som heiter Villmarksgensere 2 . Det er, som tittelen røpar, ei oppskriftsbok for strikkegenserar til villmarksbruk.
Nyheter

Akkurat det med villmark var ikkje noko problem for syskena frå Vinstra. Dei likar seg ute på tur, faktisk er dei begge denne helga med på hundekøyringsløp. Men fotografering på morgonkvisen ein sur vårdag på Gålå, var ikkje akkurat draumejobben. Sjølv om det var artig å vera med i boka.