Frode er ein av dei lokale i filmen «Odelsgut og fantefølge», om kunstverket i Kvam

– Sett kunstverket heilt i stand

I likheit med mange andre i Kvam, reagerte Frode Stenseng med undring og irritasjon da eit følge kom på hausten i 2017 og strødde rundt seg med brask. Nå har dokumentarfilmen filmen om "Odelsgut og fantefølge" hatt premiere, og Frode er ein av dei vi møter att gjennom dokumentaren.

Filmaktuell: Frode Stenseng er ein av dei lokale filmteamet bak filmen «Odelsgut og fantefølgje» har med. I helga var det premiere. Han er ein av dei næraste naboene til kunstverket, og bur og har butikk i det raude bygget i bakgrunnen. f  Foto: Guro Vollen

Nyheter

I staden for å irritere seg, tok Stenseng kontakt med kunstnarane som dreiv på og vart etter kvart leverandør av både gode råd, trillebårlass med ved, straum og toalettfasilitetar for gjengen. Han er ein av dei som filmteamet bak dokumentaren har følgd heile vegen.