Dale-Gubrand bygde kyrkje etter klubbeslaget, nå leiter dei med georadar etter spor

I følge Snorre fekk ein nykristen Dale-Gudbrand sett opp ei kyrkje etter slaget på Hundorp. Denne doningen kan finne spora etter den fyrste kyrkja nede i bakken.

Henriette Aasen er arkeolog ved kulturminneavdelinga i Innlandet fylkeskommune, medan Arne Anderson Stamnes jobbar med georadarteknologi på heiltid ved NTNU.  Foto: Guro Vollen

Nyheter
Med georadar finkjemmer arkeologane 25 000 kvadratmeter - og dei starta her i Kyrkjedokka. Her var nemleg ein dørstokk funne på 30-talet. I tradisjonen heiter det seg at ein har hatt ti kyrkjer i Sør-Fron, fem av dei er synt til i skriftlege kjelder og kanskje låg ei av dei her?
Tysdag starta undersøkingar med georadar omkring Hundorp og om lag 25 dekar blir scanna dei neste to vekene. Prosjektet er ein del av tusenårsmarkeringa Hundorp 2021, i samarbeid med NTNU, Kulturarvavdelinga i Innlandet fylkeskommune og Kulturhistorisk museum. Litt over ein million er budsjettet på, og litt over halvparten av det kostar scanninga.

Programvara som tek imot signala frå "slodden" bakpå doningen teiknar opp grovteikna bilete med det same. Likevel vil det ligge ei god arbeidsveke i å tolke dataa i etterkant, for å få ein arkeologi-fagleg verdi ut av materialet. Strukturen som er synleg i det midterste faret synte seg å sannsynlegvis berre vera ein bergnabb.   Foto: Guro Vollen


Radiofrekvensar for smått og stort

Forskar og arkeolog Arne Anderson Stamnes frå NTNU forklarer prinsippa bak georadaren.
- Denne sender radiobølger i 20 ulike frekvensar ned i bakken, ein nøyaktig gps held kontroll på posisjonen og kraftige dataprogram legg inn visuelt lesbare bilete av kva som ligg i bakken, forklarar han.
Ulike frekvensar har ulik bølgelengde; dei lange bølgene når lengre ned i bakken, men registrerer berre større strukturar, medan dei korte bølgene syner større detaljer, men når ikkje like langt.
- Vi får ut store mengder data, men sjølv om ein kan sjå strukturar og mønster allereie når ein køyrer over, vil ein trenge tolking og bearbeiding av rådata for å få eit arkeologisk interessant materiale, seier Stamnes.
Den vesle doningen ser ut som ein minitraktor med ein underleg slådd bakpå; i ti kilometer i timen skal i løpet av to veker gå over 25 000 kvadratmeter på fleire jorde rundt Hove og Hundorp.

Skipsfart til Europa?

Tidlegare i sommar scanna ein område omkring Olavshaugen og dei andre gravhaugane, men datagrunnlaget er ikkje ferdig bearbeidd ennå. Stipendiat ved Kulturhistorisk museum, Ingar Mørkestøl Gundersen, har ein hypotese om at Olavshaugen kan vera ganske intakt, og kunne godt tenkt seg å fått borra inn i haugen etter daterbart materiale. I sommar fekk han høve til å sjå haugen frå Laugen, da han var med båten som vart rodd til Hundorp i samband med vikingdagane.
- Hundorp dominerer landskapet på ein heilt annan måte når ein ser frå elva, og om det ikkje var for trea, ville Olavshaugen vore det fyrste ein såg, seier han.
- Det var på ein måte ein test-tur, neste år skal vi forsøke å ro frå Losna og oppover. Om ein i vikingtida greidde å bera båtar over Stadtlandet, skulle det gå greitt å forsere stryka både ved Tretten og ellers - det opnar for at Gudbrandsdalen ikkje var ein avkrok, men hadde reine E6 ned til Europa, seier Gundersen.
- Ein kan godt tenkje seg at dei mange kolmilene på furumoene ved Vinstra og ellers i dalen har vore brukt til å produsere kol som handelsvare, for mengda tyder på det, seier arkeolog frå fylkeskommunen Henriette Aasen.

I Årbok for Gudbrandsdalen er det nærast stadfesta at ei kyrkje låg her i Kyrkjedokka. Men det kan også vera eit namn som kjem av at jorda har tilhøyrd kyrkja, trur arkeologane. Men det vart funne ein syllstokk på fem-seks meter her på 1930-talet. Den hadde slitespor og vart tolka som ein dørstokk, og skal ha ligge på ein mur. - Å finne ein slik struktur ville vore fint, seier Henriette Aasen frå Innlandet fylkeskommune.   Foto: Guro Vollen



Grev punktvis ved funn

Ho og kollegene hennar skal bruke datagrunnlaget georadaren finn til å sjå nærare på dei mest interessante funna. Det kan bli allereie i haust, avhengig av kva funna til georadaren syner.
- Dersom vi til dømes finn restar av muren som er skildra ved den stokken her på Kyrkjedokka, kan vi grave akkurat der georadaren påviser det, seier ho.
Aller helst kunne dei tre arkeologane tenkt seg ei større utgraving i dette området, til dømes i tunet på Hove, men det kostar.
- Kva må de finne spor av, for å få til ei større utgraving?
- Det er vanskeleg - ta Gjellestadskipet, som nå er ei større utgraving. Skipsgrava som blir utgrave der er svært utsett for nedbrytning, og det er slik ein tenkjer. Om ein finn noko som ligg godt der det ligg, er det vurdert som at det har det best der det ligg, seier ho.



Arkeolog ved iInnlandet fylkeskommune, Henriette Aasen og stipendiat ved Kulturhistorisk museum, Ingar Mørkestøl Gundersen, er spente på om ein kan finne spor etter den fyrste kyrkjestaden i Sør-Fron i nærleiken av Hundorp, slik Snorre skildra. Tysdag scanna georadar området Kyrkjedokka. - Namnet kan vera knytt til ei tidleg kyrkje, men det kan og tyde at dette jordet har høyrt til kyrkjegodset, seier dei.  Foto: Guro Vollen

Stort bildegalleri fra vikingdagen på Dale-Gudbrand - teater, taler og vikingkamp

Det var jubel blant de oppmøtte når Mjøsen Lange kom seilende på lågen lørdag.



I morgen 12. Sept er det klart for vikingdagene på Hundorp. Da ankommer blant annet vikingskipet Mjøsen lange. Dølen-TV er der fra 11:45 og streamer ankomsten!