Salet av el-syklar til værs i sommar: Sigrun (62) frå Skåbu har alt runda over 2000 kilometer på tohjuling med batteri

Sigrun Sande frå Skåbu ønskte seg bidrag til elsykkel på 60-årsdagen. Sidan har sykkelbruken gått i været, og resten av familien har også skaffa tohjuling med batteri. Det er dei ikkje aleine om.

To hjul: Sigrun Sande har blitt ein svoren fan av elsykkel, og tek gjerne med barnebarna i vogna. Ein liten tur til butikken sto på planen etter Dølen hadde reist att onsdag. - Nå brukar vi sykkel til hytta og eg merkar godt at forma blir betre, og lysta til å gå turar og vera aktiv ellers også, seier Sigrun.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Haustferiesola stikk akkurat igjennom skyene heime hos Sigrun Sande, og dei tre barnebarna er klare for ein sykkeltur.