Dølarockens far er død - sovna stille inn onsdag kveld

Frontfigur i Baksia og grunnleggjar av sjølve dølarocken, Trond Halle, er død.

Trond Halle i fronten av Baksia i 2018.   Foto: Guro Vollen/arkiv

Nyheter

Familien opplyser at han døydde med sine aller kjæraste rundt seg i går kveld. Halle var i tillegg til å vera musikar i mange ulike konstellasjonar, mangeårig kultursjef i Sør-Fron.

Musikken hans har også vorte til eit teaterstykkje med Per Gynt teaterlag.

Det er kona til Trond Halle som har lagt ut melding om bortgangen på Halle si facebookside.

- Vår kjæreste Trond sovna stille inn i gårkveld. Han fikk si siste kvile hjemme med sine aller kjæreste rundt seg. Med mi hand i han si hand, skriv ho.

Trond Halle har vore open om at han var råka av kreftsjukdom. Han vart 68 år gamal.


Ordføreren i sorg: - Trond var ei legende. Han gjorde oss stolte over dialekta vår og plassen vi kommer fra

Ordfører Ole Tvete Muriteigen uttrykker sorg og medfølelse til de nærmeste, etter å fått vite at Trond Halle har gått bort.



Teiknar bilete av ein heidersmann: - Ein av dalens største spelmenn er borte

- Å møte Trond var alltid opptur, og med hans bortgang har ein av dalens største spelmenn gått bort, seier Øystein Rudi.