Digital FolkeLarm med preg av Midtdalen - fleire lokale nominert til prisar

Gudbrandsdalen og spesielt folk knytt til folkemusikklina på Vinstra vidaregåande skule er godt representert når folkemusikkorganisasjonen FolkOrg arrangerer digital Folkelarm i november.

Den årlege konserten med musikk-, dans- og dramalina på Vinstra vidaregåande skule er ein arena mange av årets nominerte til Folkelarm-prisar har stått på. Her frå konsert før jul i 2017.  Foto: Guro Vollen/arkiv

Nyheter

Folkelarm er vanlegvis eit bransjetreff der musikarar og ulike festivalar og andre kan knytte kontakter. I år er det annleis, men informasjonsrådgjevar i FolkOrg (organisasjon for folkemusikk og folkedans), Liv Annette Nygjerdet, vel å sjå det positive i at nå kan alle som vil, få med seg både prisutdeling og konsertar. Og der er det mange med tilknytning til både Midtdalen og folkemusikklina.