Frida (8) og Filip (10) må sjå bussen reise forbi utan å stoppe: - Vegen er ikkje farleg nok til å få skyss

Lars Eirik Kristiansen fortvilar over at det er ungane det går utover når pengar skal sparast. Ungane Frida og Filip mistar skuleskyssen, etter at Sør-Fron kommune stramma inn på avstandsreglane om skuleskyss. Vegen er heller ikkje farleg nok til å få fri skyss, slik som for dei som bur nokre hundre meter lenger unna, i Lia.
Nyheter

Far Lars Eirik Kristiansen tykkjer ikkje det er eit godt val å spare på trafikktryggleiken til skulebarn når kommunen må snu på skillingen.