Sør-Fron har fått 620 000 til sosiale tiltak for seniorane: - Nå vil det bli både kortspel, gardstreff og fleire besøksvener

Sidan mars er det nesten berre gapahukgjengen ved Sørheim som har fått halde på med aktivitetane omtrent som før. Men nå har kommunen fått koronamidlar til fleire sosiale og koronavenlege tiltak.

Oddmund Stebergløkken, Ingrid Gryttingslien, aktivitør Geir Bergtun, Hjørdis Heggelien, Anita Nord og Anna Foss bryr seg lite om gråværet og møtes ved gapahuken på Sørheim til bålkos og tullprat.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Ein torsdag med skodda tjukk nedpå Skuteiln og yr i lufta skulle ein ikkje tru freista menge til å stikke nasen ut. Men så er det triveleg å treffast, da, tykkjer dei 14 som likevel møter opp ved gapahuken på Sørheim. Dei bur i omsorgsbustader og trygdebustader like ved, og kan nytte seg av tilbodet.