Erik har undervist utallege unge felespelarar: - Eineståande å sjå at ungdommane er så engasjerte

Erik Bjørke er årets kulturprisvinnar i Sør-Fron. Han har sett tydelege spor, blant anna som samlar av folkemusikken i Midtdalen. Og som leiar for Sør-Fron spelemannslag i ei årrekkje.

Kulturprisvinnar Erik Bjørke fortel om ei stor glede av å sjå ungdom som er interessert i kulturarven.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Høgt oppe i Øverbygda på Sør-Fron treffer vi kulturprisvinnar Erik Bjørke. Her bygde han hus frå botnen av til seg og familien for tjue år sia. Og her har dei tre borna vokse opp.