Opp mot 70 i karantene i Nord-Fron: Dreiv smittesporing til halv eitt natt til måndag

Kommuneoverlege Anders Brabrand i Nord-Fron seier det er meir enn dei femti som var varsla om i går, som er i karantene, etter at Nord-Fron fekk eit utbrot med seks koronasmitta søndag.

70 prsoner vart testa ved teststasjonen i Kåja. Her bilete frå fredag.  Foto: Tor Larsen

Nyheter

To skular er sett i raud beredskap etter utbrotet, og Brabrand stadfester at det er eitt smittetilfelle knytt til Barhaug skule og eitt knytt til Vinstra vidfaregåande skule.