NVE varslar om jordskredfare: - Pass på i bratta

Onsdag er det meldt om inntil 50 millimeter regn i dei nordlege delane av innlandet, og det er varsla gult farenivå for jordskred.

Illustrasjonsbilete  Foto: Arkiv Dølen

Nyheter

- Allereie nå er grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken svært høg. Det er ventamykje regn, opp mot 50 millimeter i løpet av onsdag, skriv NVE på sine varslingssider.

NVE melder at dette fører til auka jord- og flaumskredfare. Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett. Farevarselet er gult, som er det lågaste varslingsnivået til NVE.

Varselet gjeld for heile Gudbrandsdalen, særskilt område mellom 400- 1500 meter over havet.


Vassdrag innomhus

Ideen kom medan Marcel van der Velpen veitte vatn i Øverbygda. Frå vassveita har ideen skote fart, til eit temmeleg høgteknologisk vassdragslaboratorium.