Synne og halve skulen får undervisning heime igjen: - Det var mange som sleit i vår, så det er viktig å passe på kvarandre

Måndag vart fleire tilknytt skulen sett i karantene, og elevrådet har kome med fleire innspel til skuleleiinga om kva slags grep dei ønskjer når skulen på nytt blir digital.

Elevrådsleiar Synne Solberg i 3MU hadde digital heimeskule tysdag.   Foto: Privat

Nyheter

Elevrådsleiar Synne Solberg har digital undervisning i dag, slik omtrent halve skulen har. Rektor Leif Solheim fortel at det er to klasser som har så mange i karantene at skulen har vald å gjennomføre undervisninga digitalt for alle, også dei som ikkje er i karantene. Bortsett frå dei møter klassene opp på skulen annankvar dag.