Instrumentsamlinga på Maihaugen hadde ein sensasjon på lager: - Dette kan vera den nest eldste i verda

Utstillinga Impulser, som opna i haust på Maihaugen, har fått ei aldri så liten sensasjon på plass, etter samarbeid med Gudbrandsdalsmusea. Nå blir samarbeidet styrka, og ei gamal felekasse kan opne for vidare forsking.

Mari Stakston framfor monteren med felekassa, som er å sjå på utstillinga Impulser. Karbondatering synte at treverket er frå 1400-1500-talet, og slik sett stadfester årstalet 1566, som er ein aldri så liten musikkhistorisk sensasjon.  Foto: Audbjørn Rønning/Maihaugen

Nyheter

I samband med at Maihaugen skulle setje i stand den nye, faste utstillinga, var folkemusikkarkivar Tom Willy Rustad med som musikkonsulent frå Gudbrandsdalsmusea. Det er fyrste gong instrumentsamlinga til Maihaugen inngår i ei permanent utstilling, og Mari Synnøve Stakston frå Sør-Fron er kurator for musikk-delen av utstillinga.