Den etterlengta gangbrua er snart ferdig: - Vi er glade for å få lagt asfalten nå

I går la dei siste kantsteinane og i dag blir asfalten lagt på den nye gangbrua i Ringebu sentrum. Håpet er at den skal vera ferdig til overtaking før jul. 

I tide - Godt å få på asfalten nå, det er snart siste moglegheit. Vi skal vera ferdige før jul, men det er sjølvsagt litt væravhengig, seier Arne Morten Ramsrud, driftsleiar for prosjektet.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Anlegg Øst er i innspurten med den etterlengta brua over Våla, der moglegheitene til å krysse elva nå er eit smalt fortau på kvar side av E6-brua, berre centimetre unna all trafikken på hovudvegen.