51 nye i karantene torsdag: SFO og barnehage i Skåbu stengt

- Det er ennå for tidleg å seie at ein veit kvar smittekjelda til dei siste ti tilfella med koronasmitte kjem frå, opplyser ordførar Rune Støstad til Dølen fredag morgon.

SFO og skulen er stengt, etter at ein smitta er knytt til Skåbu oppvekst.   Foto: Dølen, arkiv

Nyheter

Han opplyser at kommunen håpar å ha betre oversikt over karantenesituasjonen utover føremiddagen. Det er stadfesta at eitt av dei ti tilfella som vart meldt om i går, har tilknytning til Skåbu oppvekst. Alle ved barnehagen og SFO ved Skåbu oppvekst er i karantene. Oppdatert klokka ni: - Det er pålagt karantene for 51 nye personar etter utbrotet torsdag, melder Støstad på ein sms til Dølen.