Fekk eit heilt lammeslakt: - Det artigaste var å få vera med å lage maten og eta

Nasjonalretten fårikål er resultatet så langt, etter eit samarbeid mellom Brekkom bygdekvinnelag, Fåvang sau og geit, lærar Aase og elevane i 6. klasse på Fåvang skule.

Fredrik letter på grytelokket til gruppa si - snart skal klassen ete fårikål dei har laga av lammet dei fekk frå Fåvang sau og geit.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Til påske blir det lammesteik, og før den tid skal dei diske opp med kotelettar til julebordet på skulen. Til det høvet har mat- og helseklassa også reinsgryte på lur frå tidlegare i år.