Brende avfall etter hytteriving: - Er det fritt fram for å brenne ned ei hytte?

Dette biletet saman med ei bekymringsmelding for om det er "fritt fram å brenne ned ei hytte", gjorde Ringebu kommune merksam på brenning av rivingsavfall på Venabygdsfjellet.

Tiltakshavar hadde rivingsløyve, men ei bekymringsmelding om brenning av avfall fekk kommunen til å reagere med tilsyn med det same.  Foto: Frå Ringebu kommune

Nyheter

Det var 8. desember Ringebu kommune fekk eit varsel om brenning av bygningsavfall ved Rondevegen. Kommunen gjennomførte eit uvarsla tilsyn same dag, og møtte tiltakshavar på staden.