Ny direktør for lokale mediehus

Frank Støyva Emblem (46) er tilset som direktør for lokale mediehus i Sunnmørsposten.

Frank Støyva Emblem blir ny direktør for lokale mediehus i Sunnmørsposten.  Foto: Privat

Nyheter

Emblem startar i stillinga 1. april. Han kjem i frå stilling som kommunikasjonssjef i Ålesund Kunnskapspark AS.

Lokale mediehus i Sunnmørsposten omfatter, i tillegg til Dølen: Fjordabladet (Nordfjordeid), Fjordingen (Stryn), Fjordenes Tidende (Måløy), Fjuken (Skjåk), Vigga (Dombås), Møre-Nytt (Ørsta), Nyss (frå 1.1.21 - tidlegare Sunnmøringen og Sykkylvsbladet), Vestlandsnytt (Fosnavåg) og Vikebladet Vestposten (Ulsteinvik), og da Dølen (Vinstra).

Unik posisjon

Den nye direktøren for lokale mediehus har ein mastergrad i media og kommunikasjon frå

Universitetet i Bergen. Han har vore tilsett i TV Norge og TV2, der han hadde ansvar for oppfølging av lokale redaksjonar. Han har også røynsle frå HR-relaterte område. Ved ÅKP har han blant anna vore leiar for fleire digitale utviklingsprosjekt.

- Dei lokale mediehusa har ein unik posisjon. Dei er tett på folk og dekker små og store saker som er viktige i både kvardag og fest. Ei viktig rolle for lokalavisene er å knyte lokalsamfunn saman, ikkje minst i samfunnsdebatten – der lokale stemmer og tilknyting til distriktet har vorte sterkare og tydelegare dei siste åra. Ei vidare utvikling av dette, samarbeid med sterke lokale redaksjonar og bruk av spennande digitaliseringsmulegheiter, gjer arbeidsfeltet interessant, seier Frank Støyva Emblem.

Dølen har to eigarar som kvar eig 50 prosent; Polaris Media (via Skjåk mediautvikling AS) og GD. Sunnmørsposten er Polaris-avis, og ein del av Polaris Nordvestlandet som også Dølen er. Styret i Dølen består av to representantar frå GD og to frå Polaris.