Fyrste helsepersonell fekk vaksine i dag: - Det er faktisk ein stor dag

Kommuneoverlege Per Ove Hagestuen hadde trudd det ville gå lenger ut på våren før han sjølv kunne få det fyrste vaksinestikket. Men tysdag starta vaksineringa av helsepersonell også så smått, med tilsette på Ringebu helsesenter.

- Endeleg! Kommuneoverlege Per Ove Hagestuen var glad for å få Covid19-vaksine. Han var fyrst ut i Ringebu, som ei markering for at helsepersonell nå skal få om lag 20 prosent av dosene som blir delt ut i kommunane. Det er sjukepleiar Ann Karin Årnes som set stikket.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Kommuneoverlege Per Ove Hagestuen har oversikta på ein lapp på pulten. Så langt er 47 pasientar ved Linåkertunet vaksinert, både dei på heildøgnsplassar og dei på kortidsavdelinga. Dei siste tolv fekk der fekk vaksina i dag. Resten av dosene som kom i denne omgang går til helsepersonell.