Her skal det bli matservering om to veker: - Vi blir nok ferdige

Stig Skjerve og Frank Asle Mathiesen opnar 30. januar A Bite of Norway på Kvitfjelltunet, og har før opninga bytta ut kniv og visp med kubein og malingsspann.

- Folk har verkeleg stilt opp, laurdag kom det mange på kort varsel, så vi fekk måla nesten alt her, seier ein glad Stig Skjerve, som blir kjøkkensjef på A Bite of Norway på Kvitfjelltunet.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Vi møter Stig Skjerve på Fåvang tysdag denne veka. I gangen inn til vegkroa ligg det som har vore brystningspanel i ein haug, i påvente av container. Sjøl er han i full sving med spraymaling av ventilasjonsluker som skal sitte i taket. Den kvite plasten får koparfarge, mot det svarte og gråbeisa taket.