Nye Veier startar i det små med uprioritert E6: Notat om løysingar forbi Ringebu i februar

Fylkesordførar Even A. Hagen hadde vore heime på Otta til jul, og kunne konstatere at det nok var betre for dei mjuke trafikantane med ny bru, men at det framleis er ein bra flaskehals på E6 ved Ringebu.
Nyheter

- Kontrasten er stor til vegstandarden sørover mot huvudstaden, sa Fylkesordføraren da han opna toppforum-møtet mellom kommunane i langs planlagte ny E6 i Gudbrandsdalen, utbyggjar Nye Veier og fylkeskommunen. Det digitale møtet er det fyrste sidan oktober. Fylkeskommunen kjem i det vidare ikkje lenger til å ha den same rolla som pådrivar vidare for forumet.