Før i tida

Den store kafefloraen i Ringebu med Trassopp og Ponskafeen

I Vålebrua var det spesielt rikeleg med kaféar frå århundreskiftet og fram til 2. verdskrigen.

Hjørnekafe: Kafeen med navnet Trassopp på folkemunne, lå øvst i Jernbanegata. Ove Mæhlum hadde en liten snipp der som hindra Polmar Lindstad å bygge forretning mot Jernbanegata. 

  • Hemgrenda 2005. Kaféliv i Vålebrua av ungdomsskoleelevar 1975/76.
  • Halvor Aaby: Heim og folk 3. Vålebru.
Nyheter

Ein kan lure på korleis det kunne vera grunnlag for alle desse kaféane, og det var nok heller ikkje så lukerativt etter som Mathea Trøstaker, som dreiv Jernbanegatens Kafén, sa det:

«E tåppå på hårrr ein kaffekopp e sel. Reddinga mi er at e sel så mange»!

Det som vi kjenner som Dalens Kafé, eller Slavoldskaféen ved oppkjøringa til Vekkom er truleg den eldste. I starten heitte kaféen Café National. I Østre Brustugua, seinare kjent som Elstadbygningen etter fotograf Elstad, starta Mathilde Odlo Odlokaféen, som seinare vart overtatt av søstrene Trøstaker. og dei siste som dreiv her var Ellen og Aksel Dalseg.

På motsatt side av gata når du passerte Ringebu Pensjonat låg Ranheim, der det var kafé, og vidare i Brugata hadde vi Olsens Kafé.

Bjørgan: Bjørgan midt i bildet med Vekkom i bakgrunnen. 

Drama ved Losnas bredder i 1938 - den tragiske bilulykka preget lokalsamfunnet i Ringebu

Denne bilulykken skjedde på ettermiddagen søndag 24. juli 1938.


Trassopp og Ponskafeen

I Jernbanegata låg før nemnde Jernbanegatens Kafé. Det var kafé der bokhandelen er i dag, Central Kafé, og over gata dreiv Astrid Bråten kafé.

I Flugsrudgarden (Jonsgård) der Kafé Hev held til i dag, har det vore drive bakeri og kafé det meste av 1900-talet av familien Flugsrud. Der Nils Andersson bygde utsalg for spinneriet, var det kafé, og likeeins over gata i Fredly. Litt borti Torggata låg den populære Brendkaféen, og på hjørnet mot Brugata kom den legendariske Trassopp.

Det var hard konkurranse mellom kjøpmennene i Vålebrua, og Ove Mæhlum hadde ein liten snipp der som hindra Polmar Lindstad å bygge forretning mot Jernbanegata. Mæhlum bygde det vesle huset der som vart kafé, og som fekk dette namnet, Trassopp, på folkemunnet.

Peder Jonsen Gunstadmoen som bygde Jonsgård, bygde seinare Solheim oppe i første svingen i Brekkebakken og åpna kafé der. Dette vart ein samlingsstad for mjølkekjørarane etter at Ringebu Dampysteri vart etablert i 1913. Det hendte at dei fekk laus litt 96% hos apotekaren, og da vart det kaffedokter eller pons, og huset fekk namnet Ponshaugen, som det heiter den dag i dag, sjølv om dagens eigar slett ikkje har halde tradisjonen ved like.

Bjørgan: Det gamle skiltet til «Bjørgan kafe. Fotografert av huseiger Dino Borolien. Huset vart bygd i 1938 og med kafe i første etasje. 

Ringbyggingar som har sett spor: Del 10 - John Eng (1833-1900)

Husmannsguten frå Fåvang som ble misjonær på Madagaskar

På anmodning skal eg prøve å fortsetta den serien eg starta på i fjor om «Ringbyggingar som har sett spor».


Bjørgan Kafe

Dette vart mye kafé, og ein kunne sikkert gått vidare på temaet. Men det eg skulle stoppe spesielt ved, var kaféen som låg sør for der Brugata startar i dag, Bjørgan Kafé bygd av Liv og Ivar Nustad i 1936. Ivar var son på Nustad Landhandleri på Hundorp, og kona, Liv var frå Øyer. Ivar var utdanna bilmekanikar, og dei bygde stort hus og bilverkstad på denne eigedomen.

Verkstaden vart utvida med Esso Bensinstasjon. I 1. etasje i bygningen var det kafé frå starten, under heile krigen og utover til ca. 1950. Under krigen selde kaféen også øl, og i Vålebrua og på Frya var det mange tyskarar som sette pris på eit glas øl. Og kaféen vart svært populær, og ein samlingsstad for tyskarane.

Spor etter dei jernskodde helane til tyskarane skal fortsatt vera synlege. Det var også den kaféen som den gongen hadde fleire spelmaskiner, og dei var svært populære hos ungdomen.

I dette huset lå troiig den første kafeen i Vålebrua. Huset vart rivi for noen år tilbake. 

Nye dokumenter fra Arkivverket

Krigsdagene i Ringebu og Fåvang

I vårslippene publiserer Arkivverket dokumenter og fotografier fra 2. verdenskrig i Digitalarkivet. I år la de ut dokumenter og fotografier særlig knyttet til datoene 9. april og 8. mai.


Frå kafe til caravan

Bilverkstaden dreiv Ivar Nustad til slutten av 60-talet. På 1970-talet kjøpte Esso bensinstasjonen for å leige den ut. Ivar Wålen dreiv da Essostasjonen i mange år. Etter at han slutta dreiv Atle Haverstad ei tid, og deretter var det Arvid Kvikstadhagen som overtok, før Ole Hagen kjøpte verkstaden og starta Hagen Caravan. Esso-stasjonen vart da nedlagt. Hagen Caravan som i dag er drive av Jon Hagen kjøpte også nabo-eigedomen Bjørgtun.

Denne eigedomen var bygd av Steinar Svendsen på 1950-talet. Her var første fryseriet med utleige av fryseboksar i Vålebrua. Her var det kolonialforretning, Åge Johansen, «Barbis» hadde herrefrisør-salong her, og Ove Methlie Hagen kom tilbake til Ringebu og starta pølsemakeri med fleire tilsette, etter at Pølsefabrikken var avvikla inne i Vålebrua.

Jan Haug overtok pølsemakeriet og flytte etter kvart inn i Vålebrua der pølsemakeriet vart overtatt av Anni Byskov, som har utvikla dette til den mest blomstrande forretninga i Vålebrua i dag, kjent over det meste av landet. Her var det også skoforretning ei periode, før Hagen Caravan kjøpte eigedomen og slo den saman med verkstadbygget som Nustad hadde bygd.

Som det går fram av det som her er fortalt, så har Bjørgan vore ei viktig eigedom i Vålebrua, frå det var bygd før krigen og fram til i dag.


I dette huset lå troiig den første kafeen i Vålebrua. Huset vart rivi for noen år tilbake.