Bøndernes hus etter 1933

Offentleg kontor, kafe, møterom, fest og dans

Sist veke skreiv vi stort sett om bygginga fram til åpning i 1933. No skal vi sjå litt på drifta i åra framover.

Bønderns hus: Frå å vera etablert i eit mindre hus langt unna Bøndernes, voks E-verket seg større og større, og trong meir og meir plass. Til slutt fyllte dei heile plassen mellom Bøndernes Hus og Byregarden, og etter mykje strid og mange harde ord fekk dei også bygge garasjar bak Bøndernes Hus. Det var kjærkomne inntekter for Bøndernes Hus av stadige tomtesal til naboen, men står nå Bøndernes Hus som eit inneklemt fortidsminne. 

Nyheter

Fram til krigen var det normalt mellom fem og ti tilstellingar kvar månad av arrangørar som betalte for seg. Huset var mest brukt om vinteren. Her hadde lokale lag sine møte og festar - så nær som småbrukarane og arbeiderpartilaga som frå 1937 hadde sitt Folkets Hus til det bruk. Her hadde også både musikklag og songkor øvingar, festar og konsertar. Det var halde auksjonar i lokala, og utanbygds lag leigde lokalet til revyframsyningar og dansetilstellingar.