På få sekund fekk Ragnar (74) livet endra i dramatisk fall

Laurdag 22. august i fjor vart livet til Ragnar Rykhus dramatisk forandra. I løpet av nokre sekund vart den aktive pensjonisten lam frå brystet og ned.

Hardt skada: Ragnar Rykhus i sjukesenga på Ullevaal like etter operasjonen.  Foto: Privat

Eg skjønte at noko hadde skjedd, og ropte inn i telefonen: «Nå datt Ragnar!»

Liv Rykhus
Nyheter

Denne laurdagen i august jobba 74-åringen med å skifte vindskier på huset heime i øvre Vinstra. Brått glei stigen, og han fall over fem meter.