Astrid Kvam Helset sluttar i lokalavisa Vigga

Redaktør og dagleg leiar i Vigga, Astrid Kvam Helset har sagt opp stillinga si i Vigga.

Lokalavisa for Dombås og Lesja, Vigga, søker etter ny redaktør og dagleg leiar. 

Nyheter

Astrid har vore tilsett i Vigga i 13 år, dei siste fire som leiar. Grunnen til oppseiinga er at ho har fått tilbod om stilling i Nordveggen, eit utviklingsselskap som arbeider i Rauma og Lesja. Dette tilbodet ynskjer ho å takke ja til.


 Astrid Kvam Helset har vore tilsett i Vigga i 13 år, dei siste fire som leiar. 

Dølen tok storeslem og ble kåra til årets lokalavis - Se reaksjonen her!

- Denne lille avisa går også foran de fleste norske aviser med sin kritiske nyhetsjournalistikk. 


Avis i positiv retning

– Astrid Kvam Helset starta som journalist i Vigga, og har dei siste fire åra vore redaktør og dagleg leiar. Ho har gjort ein svært god jobb i Vigga, og avisa har utvikla seg i positiv retning dei siste åra, både økonomisk og redaksjonelt. Astrid har vore ein arbeidssam og god redaktør, med stort engasjement for lokalsamfunnet, seier styreleiar Asta Brimi.

– Eg har hatt gode år i Vigga, og er svært takksam for alle menneskemøta og opplevingane eg har hatt. Vigga er viktig for Lesja og Dovre, og eg er glad for å sjå at Vigga er i godt driv på alle kantar. Gode folk i redaksjonen sikrar at det gode arbeidet fortset, seier Helset.