For fem år sidan datt Arild med brua som kollapsa - takkar sitt eige forbund for god hjelp i ettertid

17. februar er det fem år sidan Arild Båtberget køyrde ut på Perkolo-brua med full tømmerbil og datt ned da heile brua kollapsa. 

Arild Båtberget er klar på at NLF har vore heilt avgjerande for at både erstatning og at han greidde å koma attende, etter at han datt ned med tømmerbilen sin.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

- Det er heilt greitt at det skjedde, det har eg innfunne meg med. Men det er verre at ingen hadde ansvaret, seier Båtberget.